fredag 10. september 2010

Chicago

Etter ei 24 timars lang og problemfri reise landa me i Chicago seint tirsdags kveld. Me fekk ein taxi til å køyre oss direkte til hotellet, slik at me var opplagt til å utforske byen dagen etter. Me hadde på førehand benytta oss av www.hotwire.com, ei internettside der ein kan bestille bra hotell til ein billig penge. Anbefalast!

Tidleg onsdags morgon slo jetleg'en inn som forventa, og Marta spratt opp kl.07:30 og sa «Eg er Marta, den farlegaste dama i Chicago!» (intern spøk som refererer til eit høyrespel pappa og dei høyrde på radioen då dei var små). Så då var dagen igong!


Me hadde perfekt sightseingvèr (les: overskya men opplett), og brukte dagen på å gå på oppdagelsesferd: guida bussturar, rusleturar og bilettaking. Eit av høgdepunkta (!) var å ta heisen opp i 103. etasje (av 108) i Willis Tower, tidlegare Sears Tower. Dette er den høgaste bygningen i heile Amerika, og ruver heile 442 meter over bakken. Bygningen har to «glasterrassar» som ein kan gå ut på, og då ser ein rett ned på gata laaaangt der nede. Høgder er ikkje Marta sin favoritting, men ho var tøff og gjekk utpå likevel. Kred!








Ein av mine favoritting i denne byen var The Bean. Dette var eit flott stykke kunst som rett og slett fascinerte meg!




Ein bra dag blei avslutta med eit betre sjømatmåltid på Bubba Gump Shrimp Co. Restaurant and Market, og påfylgjande storslått fyrverkeri på Navy Pier.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar