lørdag 18. september 2010

Kjære kjære dåke!

Dei siste dagane har gått i eitt, og eg har vore rimeleg klar for senga når kveldane har komt. Bånn gass (ikkje bokstaveleg talt altså mamma!) frå morgon til kveld i mange veker tek på, og difor har det vore dårleg med innlegg her på bloggen. Men bilete er sortert, så eg skal fortsetje med å leggje ut bileter frå roadtrip'en i kronologisk rekkefølgje. Eg ler når eg ser alt det merkelege, fascinerande og unike me har sett og opplevd på vår veg. For nokre fantastiske veker dette har vore!


No er me komen vel fram i Santa Barbara, og alt er berre velstand! Eg skal også fortelje meir om tilværelsen her også, men fyrst skal eg nyte dei siste timane eg har Marta og Dagfinn her...

Eg synest forresten at det har vore veldig kjekt med alle tilbakemedingane eg har fått ang. bloggen! <3 Takk!

1 kommentar: